onsdag 21. april 2010

Selgar, sikkerheitsavdeling, sykkel.

Du er radiograf, ikkje selgar.
Eg har dessuten kjøpt tenesten allerede, så du treng ikkje oppføre deg som ein.

Og berre fordi eg ikkje er hyperaktivt übernice tilbake, så kan du godt sei:
"Vi pleier å ha denne gardinen igjen menst man venter", istadenfor å RØSKE den HARDT igjen, der eg stod i singlet, uten bh, og prøvde å ikkje føle meg som ei ku i ein bås, og difor letta litt på gardina.
Eg har jo uansett sett alle som sat på venterommet! Det er ingen hemmeligheit at vi alle skal ta røntgen!

Ok, så lot du kanskje gardina være igjen, så du slapp å sjå trynet mitt.

Ellers har eg vært på omvisning på sikkerhetsavdelinga i dag.
Dei ønska seg eit belterom.

Og ja, så har nokon stjelt sykkelsetet mitt. SETET!
Eg har ein viss anelse om at eg kan finne det igjen i ein viss park, godt planta i jorda med eit stykk narkoman oppå. For kjære deg, du får ikkje solgt det, sjølv om du tydlegvis trudde det! Eller får ein det? Kan eg i tilfelle få vite om den plassen? .. Eg treng eit nytt sykkelsete skjønna du.

Kaffipause med Stine.

Og jaggu meg fekk vi ikkje ein rosa marengs til kaffien gitt! Hyggeleg. Gjer seg det.

Heldigvis er det ingen som har stjelt setet til Stine.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar